Hopp til innhold

Her har me Sjur Røthe med Vebjørn Turtveit hakk i hel under forrige helgs opningsrenn på Beitostølen. Begge Vossingane har imponert stort i sesongstarten (Tore Tveito)

Pangopning av sesongen

Langrennssesongen for dei nasjonale renna har starta. Opningsrennet vart arrangert på Beitostølen forrige helg og i helga er det første NC renn på Gålå. Hordalandsløparane har verkeleg fått vist seg fram!

Beitosprinten

Det har vore ei imponerande opning for våre toppløparar i langrenn med forrige helgs Beitosprint og fyrste dag av Bul-sprinten med Norgescupen på Gålå, som føregår denne helga. 

Forrige helg var det Sjur Røthe som viste at avslutningen på forrige sesong var ei bekrefting på kvar på resultatlistene han høyrer til. Med sin 3. plass på klassiskdistansen og 1. plass på friteknikken, så fekk han ein like god start på årets sesong som avslutning på forrige. 

Vebjørn Turtveit imponerte også med sin 9. plass på friteknikkdistansen. Når ein i tillegg tek med i betraktningen at han fall og knakk ein stav, så er det ei særs lovande plassering for Vebjørn. Både Sjur og Vebjørn er klubbkameratar i Voss IL. 

Einar Flaktveit Moxnes frå Tif Viking gjorde ein strålande sprintkonkurranse og vart nummer 20 totalt. Det var veldig små marginar som gjorde at han ikkje kom til ein semifinale. Det kjem nok seinare i sesongen for Bergensaren som til dagleg trenar i Trondheim. 

Kristian Skjeldal er første års senior, og ein skulle nok tru at det skulle verte tøft å hevde seg i sitt første seniorrenn. Det viste seg å ikkje vere tilfelle for den hardtsatsande kretslagsløparen frå Bulken. Han plasserte seg på 36. plass under klassiskdistansen og vart nummer 45 på friteknikkdistansen. Det er imponerande og lovar godt for tida framover.
Resultat frå Beitosprinten 2018

NORGEScup på gålå

Medan me gledar oss til å sjå Sjur Røthe i verdscupen, så stiller hordaland med ein god gjeng på Gålå og første rennhelga for norgescup senior. Det første rennet vart arrangert fredag 23. november. På åpningsrennet i friteknikk imponerte Vebjørn Turtveit med sin 2. plass. Berre 5 sekundar bak Dario Cologna, som også testa formen på Gålå. Vebjørn er då så nærme verdscupstart ein kan kome.

Karoline Simpson-Larsen frå IL Vargar gjorde også eit godt renn og vart nummer 13 på 10 km friteknikk for kvinner. Begge løparane er på vårt regionlag Team veidekke vest. 

Resultat NC 1 - 15 km friteknikk menn Bul-sprinten Gålå 

Resultat NC1 - 10 km friteknikk kvinner Bul-sprinten Gålå

Kretslaget i langrenn

I den siste perioden har vårt kretslag i langrenn også vore på samling og gått skirenn. Det har vore ei lang samling som starta på Beitostølen og har fortsatt på Gålå. Her har det blitt trent mykje og blitt terpa teknikk. I tillegg så har nokre av løparane fått gått sine første skirenn. Sjå meir om kretslaget i linken under. Følg med på desse utover! 


Ein nøgd Kristian Skjeldal etter ein flott sesongdebut på Beitostølen.


Bilete frå samling på Beitostølen og Valdresflya. Nå er kretslaget samla på Gålå. 

Informasjon om kretslaget i langrenn 2018-19

NIF-EPI01, 01