Hopp til innhold

Hordaland skikrets arrangerer klubbkveldar

Gjennom vinteren så vil Hordaland skikrets arrangere klubbkveldar, for skiklubbane i hordaland. Første klubbkveld vert på Sjusete onsdag 17. januar. Sjå planen for våre besøk.

Velkomne til «bli kjent – kveldar» utover vinteren

Hordaland skikrets inviterer til klubbkveldar utover vinteren.  Skikretsen inviterer skiklubbane med representar frå styret og undergruppene på desse kveldane. Målsettinga med desse klubbkveldane er å verte betre kjent og kunne bidra til at skiklubbane kan utvikle det gode arbeidet som vert gjort, med bidrag frå skikretsen. 

Skikretsen vil stille med representantar frå styret i lag med klubbvegleiar Vilde Vethe og adm. sjef Bernt Rusten på desse kveldane. Me gledar oss til å verte betre kjent og kunne vere med å bidra til skiklubbane si utvikling i vår skikrets.  Skikretsen ordnar med litt lett servering for kveldane og tek sikte på ei tidsramme frå 1800-2100.  Me avtalar stad for gjennomføring og klubbane får eigne invitasjonar. Først ut er kvam og omegn, som har klubbkveld onsdag 17. januar.

Gjennnomføring

Stad:

Dato:

Kven:

Kvam

ons 17. januar

        Vilde, Bernt, Kristin

 

Voss

ons 31. januar

        Vilde, Bernt, Magne,

 

Odda

Tys 6. el ons 7. februar

        Vilde, Bernt, Johan

 

Bergen

Tys 13. el ons 14. februar

        Vilde, Bernt, Fredrik, Mathilde

 

Kvinnherad

Tys 20. el ons 21. februar

        Vilde, Bernt

 

Hovudmål

- Bli kjent.

- Presentere skikretsen; NSF sin utviklingsmodell og vårt styringsverktøy - handlingsplan.

- Identifisere områder som klubben/klubbane ynskjer å utvikle/arbeide med.

- Gå gjennom verktøy for klubbutvikling.

 Herunder:

  1.  Definere mål som klubbane vil prioritere. Sette opp ein grovplan for gjennomføring.
  2.  Definere kva mål skikretsen kan følge opp i løpet av sommar/haust. Skikretsen utarbeider tiltak for å følge opp ynskja frå klubbane.

                  - Skikretsen ynskjer å få ei betre kartlegging av potensielle sonar i vår skikrets og kva                          innhald slikt sonearbeid kan ha. Klargjering av inndeling og potensielt innhald.  

NIF-EPI01, 01