Hopp til innhold

Takk for besøket! Det var inspirerande. Frå v. Kristin Lemme(styret HSK), Liv Kathrine Olsen(praksisstudent NSF), Åge Skinstad(tidl langrennssjef NSF), Atle Rolstadaas(Utviklingsavdelingen NSF) og Bernt Rusten(adm HSK).

Inspirerande seminar

I samband med haustcampen arrangerte skikretsen seminar med tema klubbutvikling. Takk til Åge Skinstad og Atle Rolstadaas for inspirasjon og god innføring i nyttige verktøy for klubbane. Sjå link til nytt fagstoff.

Åge Skinstad, tidlegare langrennssjef i NSF og noverande regiondirektør i NHO innlandet, holdt eit engasjerande innlegg om målsetting, engasjement og endring. Erfaringane hans vart krydra med gode historiar frå både aktive år som skiløpar, sports- og langrennssjef i NSF og frå hans tid i NHO.

Atle Rolstadaas frå NSF gjennomførte ei solid økt med gjennomgang av skiforbundets utviklingsmodell og veileda deretter i arbeid med klubbutvikling. Her fekk deltakarane teste gjennomføring av ein klubbutviklingsprosess og fekk mykje nyttige innspel på utviklingsarbeid i eigen klubb.  I gjennom denne økta vart mykje nytt materiale, som skiforbundet har produsert for å få utviklingsmodellen ut i klubbane og til aktiviteten der, presantert og testa ut. Sjå skiforbundets eigne side for klubbutvikling. Den inneheld konkrete verktøy med beskrivelsar på korleis de nyttar dette i eigen klubb.

Alt dette stoffet ligg under ei ny side som er kalla fagportalen. Her vil det vere masse informasjon om mange ulike tema, som er særs nyttig for klubbane. Bruk denne!

skiforbundets Fagportal

NIF-EPI02, 02