Hopp til innhold

Fjorårets padleelevar på elva. I år vert det padling for alle.

Haustcamp 2017

Set av helga 15.-17. september for årets storsamling i skikretsen. Det vert elvepadling, terrengsykling, nattorientering, rulleski, rollerblades og anna moro. For klubbane vert det frivilligseminar på søndagen, med bla. Åge Skinstad og Atle Rolstadaas.

HAUSTCAMPEN 2017 Den årlege storsamlinga til skikretsen vert i år frå 15.-17. september. Staden er Bømoen på Voss. Alle utøvarar er velkomne, uansett kva skigrein ein er aktiv i. Det vert varierte og utfordrande treningsøkter. Nokre økter vert felles for alle og nokre vert greinspesifikke. Det vil vere trenerar frå både skigymnaset på Voss og dyktige instruktørar frå særidrettane.

Aldersgruppa er alle født mellom 2002 og 2006.

Deltaking på haustcampen kostar 1650,- Det inkluderer overnatting, mat, treningsøkter og deltakarpremie til alle. 

Me ynskjer også i år at foreldre tek på seg oppdrag i samband med campen. Det gjeld td nattevakt, hjelpetrenar og oppfølging i campen som både kontaktperson, omsorgsperson og med kioskdrift.  

Påmelding haustcampen 2017

BETALING For innbetaling av deltakaravgift på haustcampen, så betaler ein inn 1650,- på kto nummer: 3480.16.04775 og merkar med "haustcamp" +namn.

Ta med liste!

Program haustcampen 2017

Frivilligseminar søndag 17. september
Me vil i samband med haustampen også arrangere frivilligseminar for klubbane på søndagen. Tema for seminaret er klubbutvikling. Her vil me sjå på arbeidet i klubb og skikrets opp mot arbeidet til skiforbundet sentralt. Skikretsen sin handlingsplan og skiforbundets nye klubbutviklingskonsept vil vere på agendaen. Tema for dagen vil vere særs nyttig for klubbane og kunne gi konkrete utviklingsverktøy til klubb, samt inspirasjon til det viktige arbeidet som vert gjort i klubbane.

Føredragshaldarar:

Åge Skinstad
Tidlegare toppløpar i langrenn og sportssjef i NSF langrenn i perioden 2006-2016. Er ein leiar som har eit breidt erfaringsfelt i frå klubbnivå til internasjonale verv i toppidretten. Har stor leiarerfaring og markedskunnskap i lag med eit brennande engsjement for idrett generelt.  

Atle Rolstadaas
Tidligare masterstudent NTNU og klubbveileder Norges idrettsforbund. Er nå ansatt i Norges skiforbund, der erfaring som tidlegare alpinist også gjev bakgrunnskunnskap. Har det siste året vore engasjert i skiforbundets nye utviklingsmodell og vårt klubbutviklingskonsept. Det er berre å glede seg til ein utviklande og inspirerande dag for klubbane. 

Program frivilligseminar søndag 17. september (befalsmessa - Bømoen)

1000-1100: Åge Skinstad- Målsetting, samarbeid og engasjement
1100-1115:  Pause
1115-1215:  Atle Rolstadaas- Utviklingsmodell og skiforbundets arbeid i samanheng med skikrets og klubb.
1215-1300:  Felles lunsj.
1300-1500:  Atle Rolstadaas- Prosess i klubbutvikling og verktøy til bruk i klubb. 

Påmelding til frivilligseminar søndag 17. september

Ps! Seminaret er gratis for deltakarane.

 

NIF-EPI03, 03