
Nye fjes i Hordaland skikrets
Under skikretsens ting, så vart det endringar i både styret og komiteane. Johan Børsheim frå Ulvik il, tar blant anna over leiarvervet i skikretsen etter Ida Sætersdal.
Under tinget i Myrkdalen takka vår leiar gjennom dei 2 siste åra, Ida Sætersdal, Tif Viking, for seg. Ho har gjort ein flott jobb for skikretsen i vervet som leiar i langrennskomiteen og som styreleiar dei siste 2 år. 5 års innsats som har vore vesentleg for både langrennskomiteen og skikretsen sitt arbeid. Frivillighet og breidde har vore Ida sine gode idealer i arbeidet. Hennar organisasjonserfaring og kommunikasjonsbakgrunn har vore viktig for skikretsen i dei åra. Gunn Berit Lunde-Aarvik frå Bulken il, gjev seg i styret etter 4 år. Takk for bidrag til skikretsen dei siste 4 år.
Den nye leiaren er Johan Børsheim. Han kjem frå Ulvik og Ulvik il . Han har tidlegare vore leiar i langrennskomiteen og vil ta med seg inn brei erfaring frå lagsdrift generelt og frå skisporten spesielt. Med seg i arbeidsutvalet får han Fredrik Hald frå Fana il, som rykker opp som nestleiar i skikretsen. Han har alpintbakgrunn og har blant mykje erfaring frå integrering og arbeid med mennesker med funksjonshemming. Mathilde Helland Lassen, Fana il, fortset som medlem i arbeidsutvalet. Nytt medlem til arbeidsutvalet er Kristin Lemme frå Voss freestyleklubb. Kristin har gjort store jobbar for både VM i freestyle 2013 og for Ungdoms OL 2016. I tillegg har Kristin tatt på seg leiarverv for ulike verdscuparragement gjennom Voss freestyleklubb dei siste åra.
Skikretsstyret:
Leiar Johan Børsheim, Ulvik IL
Nestleiar Fredrik Hald, Fana IL
Medlem Mathilde H. Lassen, Fana IL
Medlem Kristin Lemme, Voss Freestyleklubb
Leiar LK Trond Slethaug, Fana IL
Leiar AK Bård Seterås, Fana IL
Leiar HKK Magne Sørestrand, Eldar IL
I komiteane så har me og hatt nokre utskftningar. Først må me takke Beate Vinkler Rasmussen for 2 år som leiar i langrennskomiteen, der ho har fulgt opp arbeidet til langrennskomiteen veldig godt. Takk og til Magne Skjeldal frå Bulken il, som har gjort eit solid handtverk gjennom 5 år i langrennskomiteen. Han har representert kontinuitet og gjort mykje arbeid til fellesskapet i skikretsen. Trond Slethaug, Fana il, rykker her opp som leiar. Etter 4 år går Patrik Søreide ut av leiarvervet i freestylekomiteen. Mange tiltak i freestylekomiteen har vore direkte knyta til Patrik sitt engasjement. Ny leiar har styret fått tilslutning til å utnemne og vil oppdateres.
me gledar oss over at vår tidlegare landslagsløpar i langrenn, Tina Bay, frå IL Korlevoll - Odda er med i langrennskomiteen og sambygding Asle Lægreid er ny inn i alpintkomiteen. Han erstattar Tor Meusburger, begge frå Odda il. Takk til Tor for innsatsen. Ny i langrennskomiteen er også Oddmund Lefdal frå Fana il. I hopp- og kombinertkomiteen fortset Magne Sørestrand frå Eldar il som leiar, med dei same medlemma i komiteen.
Oversikt komitear Hordaland skikrets 2017-:
Alpinkomiteen (AK):
Leder Bård Seterås, Fana IL
Nestleder Olav Lødemel, Voss IL
Medlem Arve Storlid, Samnanger IL
Medlem Erlend Eide, Tertnes IL
Medlem Asle Lægreid, Odda IL NY
Langrennskomiteen (LK):
Leiar Trond Slethaug, Fana IL
Medlem Harald Tveito, Voss IL
Medlem Emil Hosøy, Osterøy IL
Medlem Tina Bay, Korlevoll IL Ny
Medlem Trond Lefdal, Fana IL Ny
Hopp-kombinertkomiteen (HKK):
Leiar Magne Sørestrand, Eldar IL
Medlem Arnfinn Gjerstad, Bulken IL
Medlem Odd Rolland, Ulvik IL
Medlem Finn Jacobsen, Øystese IL
Freestylekomiteen (FK):
Leiar Ny
Medlem Åsmund Hårklau Knapstad, Voss Freestyleklubb
Medlem Hillbjørg Arntzen, Bergen Freestyleklubb
Medlem Olve Austefjord, Bergen Freestyleklubb
Til slutt; takk til valkomiteen for godt arbeid!