Hopp til innhold

Jubileumspokalar Hordaland skikrets 2017

I år var det to langrennsløparar som tok i mot vandrepokalane, som skal ende opp som ei gåve til kongehuset.


Denne heidersbevisningen skal vere ein inspirasjon for juniorløparar som viser haldningsskapande engasjement og som bidrar og arbeider for skiidrettens verdigrunnlag og visjon «Mange gode og glade skiløpere»  

Pokalen delast ut i kvar krets kvart år, ein til kvart kjønn, uavhengig av grein. Den skal delast ut til aldersgruppa junior (17-20 år) og ein kan kun motta den ein gong. Prisen består av ein vandrepokal som går i 10 år. I tillegg får dei ein miniatyrpokal til odel og eige. 

Kandidaten skal: 

  • Være inkluderende 
  • Være en humørspreder 
  • Være deltagende 
  • Ha de rette verdier 
  • Være bevisst Fair Play-reglene 
  • Være en ambassadør for sporten 
  • Ha stort frivillig engasjement og uegennyttig innsats for skiidretten 
  • Sportslige resultat gis lite vekting

Blant Hordaland skikrets sine juniorar så er det fleire gode kandidatar som tilfredstiller kriteria til prisen. Blant desse var det allikevel to som ein kunne krysse av på mange av dei vektlagde kriteria. Difor vart årets jubileumspokalar 2017 tildelt dei to unge førebileta Anniken Ravnå frå Tif Viking og Anders Brakvatnet Mjelde frå Osterøy il.  

Litt om Anniken Ravnå:  

Ho har vore med på stort sett alle fellessamlingar arranert i skikretsen. Ho er spesielt flink til å ta seg av dei yngre løparane både i klubb og krets. Ho har blant anna stilt opp som trenar på haustcampen. Anniken er ein inkluderande person og har vore ein vesentleg miljøfaktor på Voss gymnas etter at ho byrja der i haust i andre klasse. I tillegg til å være inkluderende og bry seg om andre, er Anikken ein særs seriøs utøvar. Ho har i vinter imponert med 7. plass i NM sprint, 10 plass på 5 km skøyting på Nes og 22 plass i norgescup sammenlagt. Her deltok ho i k 18 år. Hordaland skikrets gratulerer Anikken Ravnå, T&IF Viking, med velfortent jubileumspokal for 2017. 

Anniken tok i mot velfortent pokal på skikretsen sitt ting i Myrkdalen.

Litt om Anders Brakvatnet Mjelde: 

Denne utøvaren er ein positiv og pliktoppyllande kar, som har bevist at det er muleg å få mykje idrettsglede sjølv om ein ikke er blant dei som alltid står øverst på pallen. Han konkurrere i g 18 år og går for Osterøy il. Anders møter opp på treningar, både på skigymnaset og når han er heime i sin lokale klubb i helgane. Han stiller alltid med godt humør, pågangsmot og ein god kommentar. Om nokon skulle gjere det bra, så er han flink til å glede seg over andre sine prestasjonar. Hordaland skikrets gratulerer Anders Mjelde, Osterøy il, med velvelfortent jubileumspokal for 2017.

Her er Anders på Osterøy, med velfortent jubileumspokal.

 

NIF-EPI02, 02