Hopp til innhold

Her eit bilde av Gaute Kvåle, Røldal il, under U-23 VM i år, som enda med flotte femte og sjette plassar.

Årets utøvar 2017 Hordaland skikrets

Hordaland skikrets delte i år ut årets utøvar prisen til Gaute Kvåle, Røldal il, for sin imponerande sesong i langrennssporet med blant anna ein 5. og 6. plass i U-23 VM.


Prisen årets utøvar har dei siste åra vore tildelt store profilar som Sjur Røthe Voss il, Mariann Vestbøstad Martinsen, Loddefjord il og Bjørnar Neteland, Fana il.

I år går prisen til Røldal il sin Gaute Kvåle, som er 22 år. Han er ein utøvar som er i starten på sin seniorkarriere, men har markert seg med fantastiske resultat for sesongen 2016/17. Det første teiknet på kva sesong han hadde i vente, vart vist under ein rulleskikonkurranse i Aure i fjor somar, der han vant og satte heile senior verdenseliten på plass

Med ski på beina og for sesongen 2016/17 så vart han blant anna norges beste løpar i U23-VM i Soldier Hollow- USA. Her vart han nummer fem på 15 km skøyting og nummer 6 på 30 km skibytte. I tillegg har sesongen gjeve 6. plass i skandinavisk cup i 30 km klassisk. 14. plass i NM 10 km friteknikk og 3. plass i NM u-23 klassen i same renn.

Gaute er tilknyta Team Veidekke Vest, og kjem frå Røldal og Røldal IL, der han i mange år har representert klubben på aller beste måte, både som utøvar og som person. Det var pappa, Lars Kvåle, som tok i mot prisen, medan Gaute sjølv var opptatt med oppstart av ny sesong på Lillehammer.

Me gratulerer Gaute Kvåle, Røldal il, med velfortent pris som "Årets utøvar 2017 - Hordaland skikrets". 

nif-epi04, 04