Hopp til innhold

Samling i bunn på Bulkens flotte hoppanlegg, Tunåsen

Hopp og kombinert er klar for sesong

Hopp- og kombinertkomiteen og hoppvener i fylket har verkeleg stått på for å ynskje velkomen til både restaurerte- og nye hoppbakkar, når rennsesongen straks byrjar.

Dugnadsinnsats

Gjennom sommaren og hausten har nokre ildsjeler hatt faste dugnadar kvar veke, for rehabilitering av anlegg som har vore unytta nokre år, samt anlegg som er i bruk har vorte oppgraderte. Med over 500 timar med dugnad, så har blant anna Bavallsbakken vorte reparert etter uveret som herja i 2015, Framnesbakkane med K15 og K25 er oppgraderte, Gullfjellsbakken er rydda og K30 bakken er oppgradert. I Myrkdalen er Nyestølsbakken rydda i tilløpet.   

I tillegg til det flotte restaurerings og oppgraderingsarbeidet, så har både Ulvik og Totræna etablert nye anlegg. I Ulvik har dei starta med ein rekruttbakke -K8, medan dei i Samnanger IL har bygd ein K25 bakke i Totræna vinterpark. 

Dette flotte dugnadsarbeidet og  viljen til å etablere nye anlegg, gjer at det føre denne sesongen er lagt ei kjempeflott grunnlag for hopp- og kombinertaktiviteten. 
Under: Framnesbakkane K15 og K25 oppgraderte under årets dugnad.(Foto: Magne Sørestrand)

Terminliste

Årets terminliste ligg føre med våre lokale renn. I tillegg til dei lokale renna i Hordaland, så vil skikretsen også i år samarbeide med Sogn og Fjordane skikrins om deltakelse på arrangement hos kvarandre. I tillegg til dei terminfesta renna, som ligg under terminlista, så vil det også verte arrangert rekruttrenn bla i Ulvik. Dette vert oppdatert på heimesida til skikretsen, når datoane ligg føre.  Ta gjerne ei utskrift av terminlista. 

Terminlista Hordaland skikrets med renn i S og F 2018 pdf

utstyr

Hordaland skikrets har hoppski for lån, om nye rekruttar har lyst å prøve å hoppe på ski. Det er eit opent og inkluderande hoppmiljø i klubbane som driv med hopp og kombinert. I hovudsak er det Eldar og Bulken som har hatt tilbod dei siste åra, men når nå Ulvik IL, Samnanger IL, IL Gullfjell også har etablert og rehabilitert hoppbakkar, så skulle det også ligge til rette for at fleire tilbod vert etablert.
Under: Klare for ny sesong! Hopp- og kombinertkomiteen sine flotte hoppski for utlån. 

Er de nysgjerrige på hopp- og kombinertsporten, så er det berre å ta kontakt med Hordaland skikrets sin hopp- og kombinert komite!

Hopp- og kombinertkomiteen       
Leiar Magne Sørestrand  Eldar il  skilaupar@gmail.com    90419991   
Medlem Odd Rolland  Ulvik il  odd.rolland@ulvik.org  91353185 
Medlem Arnfinn Gjerstad  Bulken il  arngjers@gmail.com   47243974   
NIF-EPI03, 03