Hopp til innhold

Her er det gutar 12 år, som er kome i mål på laurdagens klassiske distanse. Ulvik il skapa ei flott ramme under årets kretsmeisterskap på Drevtjørn skistadion.

Kretsmeisterskap i Ulvik

Årets kretsmeisterskap i langrenn vart arrangert i helga. Honnør til Ulvik il, som berre fekk "vel lete" for arrangementet og løypene. Renna bestod av klassisk på laurdag og friteknikk på søndag. Sjå resultat.

Det var godt med snø og eit skikkeleg draumeføre når Ulvik inviterte på kretsmeisterskap. Det var to individuelle løp og to kretsmeisterskap i klassisk og friteknikk denne helga. Sjølv om det var to løp, så var det dei same løparane som gjekk raskast i den lengste løypa både laurdag og søndag. Arrangørklubbens Torjus Børsheim og Emma Skjoldli frå Bulken var raskaste herre og dameløpar på både klassisk og friteknikk-rennet denne helga.

På renna var det samla om lag 240 deltakarar på laurdag og omlag 270 på søndag. Og deltakarane kom frå heile kretsen. Gullmedaljefordelinga syner også dette:

               Lag                   Klassisk                Fri teknikk           TOT

               Bulken             3                           3                           6

               Voss                 1                           4                           5

               Fana                 2                           2                           4

               Osterøy           3                           1                           4            

               Ulvik                 2                           2                           4

               Ørnar               1                           1                           2

               Bjørgum          1                           1                           2

               Viljar                1                           1                           2

               Røldal              -                            1                           1

               Kvam LSK        1                           -                            1

 Her vert vinnaren av den lengste distansen begge dagar, Ulvikaren Torjus Børsheim, intervjua av Odd Rolland, som var speakeren for helga.

Resultat km klassisk 28.01.17

Resultat KM friteknikk 29.01.17

nif-epi04, 04