Hopp til innhold

Påmeldinger

Påmeldte- og reserveliste sortert etter FIS-poeng pr. distanse: 
Påmeldte- og reserveliste pr. 13.02.2021 (kl. 16.00)

Avmeldte smørarar/leiarar/industri gjer at ein no får ta inn 58 kvinner og 95 menn på startlistene.

MERK! Alle strykingar og korrigeringar, til ein eller fleire distanser, må meldast til asgeir@skiforbundet.no seinast kl. 16.00 dagen før kvar konkurransedag. 
Det gjeld alle løparar blant dei 58/95 som er innanfor FIS-punkt grensa, og også dei som står på reserveliste.

Startlistene vert publisert på nettsidene seinast kl. 17.00 dagen før kvar konkurransedag.

Deltakeravgrensning:
Det opnast for 58 kvinner og 95 menn på kvar distanse. For at ein skal kunne melde seg på, må løparane vere født i 2002 eller eldre og innanfor dei FIS-poenga som er oppgitt nedanfor.

Dei løparane som er innanfor poeng-grensene, men utanfor dei 58/95 vil bli satt på ei rangert reserveliste, etter FIS-poeng.

FIS-poeng grenser (rangert etter FIS-punktliste nr. 5, gjeldande frå 14.01.2021):

Kvinner – inntil 58 løparar på kvar distanse, med maks. FIS-poeng:
Sprint:      350,00 FIS-poeng
Distanse:  230,00 FIS-poeng

Menn – inntil 95 løparar på kvar distanse, med maks. FIS-poeng:
Sprint:      310,00 FIS-poeng
Distanse:  150,00 FIS-poeng  

INFO FROM FIS:
- In the Norwegian Cup for seniors a maximum of 10% of the participants can have a FIS code from outside Norway.
- Entered athletes are ranked by FIS points and the size of the start field will be decided according our national health guide lines.
- Entered athletes must be born year 2002 and earlier.

Alle løparar må ha aktiv FIS-kode (underskreve FIS Athletes Declaration) og ha gyldig forsikring/skilisens.

Løparar som har meldt seg på og er innanfor poeng-grensene, men utanfor dei 58/95 som får gå, får refundert startkontingenten (100%).