Hopp til innhold

Krav til standard

GENERELT

Mykje av rulleskiaktiviteten føregår på det offentlege vegnettet. Erfaringane med bygging av rulleskiløyper er at anleggskostnadane er høvesvis høge (500-800 kr/ m inkl. asfaltering), evt. sprenging kjem i tillegg. Kostnadane vil forøvrig vere avhengig av grunnforhold og terreng.Etter at anlegget er etablert vil driftskostnadane vere låge.

Det er elles viktig at traseane ikkje er for krevjande m.o.t. stigning og fall, og anlegga bør ha eit stort brukarpotensiale (les. samarbeid med andre org. som t.d. vidaregåande skular).

UTFORMING AV LØYPENETTET

Løypene må tilpassast ulike brukargrupper og aldersnivå. Løypeprofilane må vere differensiert.

For å tilfredstille ulike brukargrupper og aldersnivå må ein planlegge:

  • alternative sløyfer i stigningar, med ulik stigningsgrad
  • sløyfer som går inntil kvarandre, der ein m.a. har moglegheit til å kutte ut tyngre parti evt. områder med risiko for uhell
  • tyngre parti i løypa i utkanten av løypenettet
  • lette parti i løypa i nærområde til stadion

DRENERING

Ved utarbeiding av rulleskianlegg må ein også sikre god drenering av traseen og evt. stadionområde. På stadion kan ein vurdere grovare (drenerande) asfaltdekke som er med å hindrar vatn på området. Stadion og traseear kan ha svak “takform”/helning slik at overflatevatnet renn vekk.

LYSKJELDER

Lyskjeldene bør plasserast i innersving. Sjå veileder for skianlegg for mere informasjon.

nif-epi04, 04