Solan Gundersen vinterleker
Solan Gundersen vinterleker i Alvdal 19-22 februar ble en opplevelse for våre utøvere.
Skikretsen stilte med tre løpere i både hopp og kombinert øvelsene i Alvdal.
Hjemmeside Solan Gundersen Vinterleker
Rapport frå Soland Gundersen-leikane 2026
Soland Gundersen-leikane 2026 er vel gjennomførte. Totalt stilte 49 utøvarar til start – 12 jenter og 37 gutar. Dette er noko færre enn i fjor. Samstundes stilte Agder og Rogaland skikrets med ei delegasjon som var 200 % større enn året før. Talet på utøvarar var jamt fordelt på dei tre guteklassane og dei fire jenteklassane.
Deltakarar frå Agder og Rogaland skikrets
Kretsen stilte med tre utøvarar i tre ulike klassar:
- Mathilde Helgesen – jenter 13 år
- Inga Helgesen – jenter 12 år
- Kristian Nygard Lorentzen – gutar 12 år
Veka i samandrag
Utøvarane starta veka med treningsøkter i Midtstua tysdag 17.02, før turen gjekk vidare til Alvdal onsdag. Kristian fekk gjennomført ei treningsøkt både i langrennsløypa og i hoppbakken onsdag kveld.
Torsdag morgon var det frihopping, etterfølgt av offisiell kombinerttrening. På kvelden vart det arrangert opningsseremoni før første øving, som var hopprenn i kombinert. Alle våre utøvarar deltok.
Fredag morgon stod langrenn kombinert på programmet. Alle tre synte god innsats i langrennsløypa og var nøgde med eigen gjennomføring.
Resultat – Kombinert
- Inga Helgesen – 2. plass, jenter 12 år
- Mathilde Helgesen – 3. plass, jenter 13 år
- Kristian Nygard Lorentzen – 6. plass, gutar 12 år
Fredag ettermiddag var det offisiell trening til spesielt hopprenn, etterfølgt av frihopping.
Laurdag morgon vart spesielt hopprenn gjennomført.
Resultat – Hopp
- Inga Helgesen – 2. plass, jenter 12 år
- Mathilde Helgesen – 3. plass, jenter 13 år
- Kristian Nygard Lorentzen – 6. plass, gutar 12 år
Etter hopprennet var det frihopping for alle. Dette var einaste treninga for dei som skulle opp éin bakkestørrelse i laghoppkonkurransen.
Laurdag kveld vart det arrangert høgtideleg premieutdeling og bankett i Aukrustsenteret.
Lagkonkurranse søndag
Søndag var det lagkonkurranse. Agder og Rogaland stilte med eitt reint kretslag der:
- Mathilde Helgesen hoppa i K35
- Kristian Nygard Lorentzen hoppa i K48
Sidan det ikkje var eigen miks-klasse for gutar og jenter, måtte dei delta i guteklassen. Mathilde var uheldig og fall i første omgang, og laget enda til slutt på 19. plass.
Inga Helgesen fekk delta på eit miks lag i jenteklassen saman med Silje Sanne frå Vestfold og Telemark skikrets. Dei leverte ein sterk konkurranse og sikra ein flott 2. plass.
Oppsummering
Både utøvarar og foreldre har hatt ei flott og minnerik veke. Kretsen har hatt god sportsleg framgang, og målsetjinga for neste år er å doble talet på utøvarar frå Agder og Rogaland.



