Hopp til innhold

Smørebuer

Under NC kan me tilby 34 smørebuer i nytt bygg. FRIST for bestilling av smørebu er 1. januar 2017, og her er det "fyrste mann til mølla prinsippet".

Smørebuene vert kvar på 12 m2. Alle buene vert sett opp med straum og lys, og alle vil vera innandørs i flunkande nytt lagerbygg.

Prisane på smørebu vert kr 6.500,- og dette inkluderer 1 parkeringsplass.

Pris for øvrige smørebuinnretningar vert som fylgjer:

  • Eige smørevogn eller bubil kr 3.500,- som inkluderer straum.
  • Eige smøretelt maks. 3x3 m kr 3.500 - som inkluderer straum.
  • Smøretrailer/lastebil kr 6.000 - som inkluderer straum.

VIKTIG Å FÅ MED SEG VED BESTILLING:

De bestiller smørbu eller plass for eige innretning ved å sende e-post til: nc2017@skivoss.no Fylgjande informasjon må de ta med i e-posten:

  • Type smøreinnrettning: <Smørebu/smørevogn/bubil/telt/lastebil>
  • Klubb og krets:
  • Fakturaadresse:
  • Kontaktperson:
  • e-post:
  • Mobilnr.:
  • Evt. kommentarar:

MERK frist for bestilling som 1.1.2017