Hopp til innhold

Ånund Lid Byggland er en mann som er både lett og rask på foten. (Foto: Erik Borg - Langrenn.com)

Ånund Lid Byggland: - Sprinten i Falun-VM er målet

Sak fra Langrenn.com - Etter at Ånund Lid Byggland frå Team LeasePlan Go tok sølv i den klassiske sprinten på Gåsbu i 2013, bestemte han seg for ein ting. Han skulle gå VM-sprint i Falun.

Sak fra Langrenn.com - skrevet av Gjermund Midtbø

Han skulle eigentleg ha sete på flyet til Austerrike og Ramsau i dag saman med resten av Team Leaseplan Go.
 
Men sidan han akkurat har blitt frisk frå ein litt seig forkjøling valde Ånund Lid Byggland å bli igjen heime i Trondheim.
 
Der skal han leggje grunnlaget for å nå eit spesielt stort mål denne vinteren. Sjølv om han var langt unna i fjor, trur 24-åringen ein plass på VM-laget kan vere mogleg.
 
Fekk trua på Gåsbu
 - Eg likar å sette meg høge mål – det gjer meg ekstra skjerpa i treninga. Det blir sjølvsagt vanskeleg å kvalifisere seg til laget, men etter at eg tok NM-sølv for to år sidan har Falun-VM vore i tankane.
 
- Etter den finalen såg eg at det var mogleg å hevde seg i toppen på ein god dag. Har ein gått så fort ein gong, blir det defensivt å ikkje setje seg høge mål, meiner Byggland.
 
I NM-sprinten på Gåsbu var det berre Pål Golberg som var betre enn Høydalsmo-løparen.
 
Etter at Byggland hadde staka seg inn til sølv kom Eirik Brandsdal, Øystein Pettersen og Ola Vigen Hattestad på rad og rekkje over målstreken bak han.
 
Les videre nedenfor bildet

Seierspallen blant herrene under NM-sprinten på Gåsbu 2013. Fra venstre: Ånund Lid Byggland (2. plass), Pål Golberg (1) og Eirik Brandsdal (3). Foto: Rasmus Kongsøre.

Sjølv om han alltid har gjort sine beste renn i sprint, har ikkje Byggland spesialisert treninga spesielt mot den kortaste distansen. Før no.
 
- I år har mykje av treninga blitt lagt opp til å prestere best mogleg i ein klassisk sprint. Eg har for eksempel hatt klart flest hardøkter i klassisk og har generelt auka treningsmengdene, forklarar 24-åringen.
 
Skandinavisk cup kan bli viktig
Utanom dei siste to vekene med sjukdom har vest-telemarkingen lagt ned den treninga som forhåpentlegvis skal gje større suksess enn den føregåande sesongen.
 
- Det er ikkje til å leggje skjul på at eg hadde ein dårleg sesong i fjor. Eg var fornøgd med eit par enkeltrenn, men mange sjukdomsperiodar øydela mykje.
 
- Men eg kan ta med meg mykje frå ein skuffande sesong også, seier Byggland og nemner spesielt 35. plassen i sprinten i Drammen som svært skuffande.
 
Der kan han ikkje plassere seg skal han kome gjennom det uhyre tronge nålauget som eit norsk VM-lag i klassisk sprint er.
 
Renna som kan bli avgjerande, har han for lengst sett seg ut. Eitt av dei går til og med i løypa han drøymer om å stå på startstreken i, litt over ein månad seinare.
 
- Den klassiske sprinten i Skandinavisk cup i Falun kan bli veldig viktig. Viss eg presterer bra der bør det også vere god sjanse for å gå verdscup. Kanskje blir den viktigare enn sprinten i Kuusamo, der det nok blir vanskeleg å kvalifisere seg til troppen.
 
- Derfor legger eg ikkje inn noko formtopp til Beitostølen, men heller til Falun på nyåret.
 
10. januar er berre å merke seg med ein gong. Her kan kampen om VM-plassane verkeleg begynne å dra seg til.
 
På startstreken vil nok alle sprintarar med VM-ambisjonar stå, ettersom sprinttrenar Arild Monsen uttalte tidlegare denne veka til VG at sprinten på VM-arenaen vil bli spesielt lagt vekt på.
 
Helga etter held kampen om dei fire plassane fram i den klassiske verdscupsprinten i Otepää.
 
Det siste uttaksrennet blir NM-sprinten på Røros i slutten av januar. Då kan plutseleg to løparar frå den vesle bygda Høydalsmo med 364 innbyggarar, vere VM-klare.
 
- Det blir to høysekkar i VM, seier Ånund sikkert og tenkjer på kombinertløpar og OL-medaljør Magnus Krog.