Hopp til innhold

Regionsatsing Telemarkkøyring 2013/2014

Idrettslaga Dyre Vaa, Fjellguten, Morgedal og Skarphedin, Telemark og Vestfold skikrets og Norges Skiforbund fortsett med regionsatsinga innan telemarksporten.

Opplegget er ope for lag eller medlemmer tilslutta Telemark-Vestfold Skikrets. Målet er å auke rekrutteringa til telemarksporten, gje gode treningstilbod til løparar som ynskjer å utvikle seg og ha felles samlingar/renn i kretsen. Me vil og gje tilbod og organisere opplegg for dei som ynskjer å konkurrere andre stadar i landet.

Me har og som mål å starte opp eit kurs med tanke på opplæring av nye trenerar. Meir info kjem, men me tek gjerne imot påmelding nå.

Program oktober-desember 2013:

  • · Rulleski og terrengsykkel
    • o Sundag 20. oktober på skiskyttaranlegget i Bø kl. 10.00.
    • o Me kan hjelpe til med rulleski til dei som treng å låne, alle må ta med eigne skisko (vanlege), skistavar, hjelm, terrengsykkel og niste.
    • o Alder 12 år pluss.
    • o Påmelding Arnstein tlf. 95080164, e-post: arnstein.sunde@hit.no, eller Tarjei tlf. 95241315, e-post: tarjei@morgedal.com innan torsdag 17. oktober.
    • · Koordinasjon og styrke:
      • o Start måndagkveld 21. oktober og kvar måndagkveld fram til 9. desember
      • o Gullbring eller Bø vidg., meir info kjem snart.
      • o Kontaktperson Arnstein, tlf. 95080164, e-post: arnstein.sunde@hit.no
      • o Alder 12 år pluss.
      • · Treningssamling på Gaustablikk 15. -17. november
        • o Open samling for alle som ynskjer å trene på telemarkskøyring
        • o Godt kvalifiserte trenarar, opplegg tilpassa alder og ferdighetar
        • o Felles måltid og sosial hygge
        • o Pris pr. pers. ca kr 900,- (kjem ann på kor mange me blir) inkl. overnatting, mat, heiskort og Rjukanbadet
        • o Tarjei tlf. 95241315, e-post: tarjei@morgedal.com innan 1. november 2013.
        • · Nasjonal breiddesamling på Gaustablikk 29. november -1. desember
          • o Samling for heile landet, alle aldrar.
          • o Overnatting og bespisning skjer på felles hytter, regionvis.
          • o Info Tarjei tlf. 95241315, e-post: tarjei@morgedal.com , påmelding her, Skiforbundet
          • · Treningsdag på Rauland romjola 2012, dato blir fastlagt på samlinga på Gaustablikk:
            • o Trening i bakken og i terrenget.

Telemarkscupen blir fire renn. Skarphedin (2. februar) og Morgedal (1.-2. mars)l arrangerer bakkerenn, Fjellguten og Dyre Vaa fjelltelemarkrenn. Det vil og bli treningskveldar og samlingar i løpet av vinteren, dette vil det bli meir info om bl.a. på samlinga på Gaustablikk.

For meir info

Kontakt Tarjei tlf. 95241315 eller e-post: tarjei@morgedal.com