Hopp til innhold

Sognefjellet Sommarskiskule

Sommarskiskulen går over fem dagar, 19.-23. juni 2016 på Sognefjellet og i Skjolden.

INFORMASJON TIL PÅMELDE DELTAKARAR (02.06.2016)

Informasjon til påmelde deltakarar (02.06.2016)

Rammeprogram

Deltakarliste (pr. 16.06.2016)

Video - Sognefjellet Sommarskiskule 2015

Sommarskiskulen er for aldersgruppa 11-17 år (født f.o.m 2005-1999).

Deltakarane vert innkvartert i Skjolden, og kvalifiserte vaksne vakter er tilstades heile døgnet.

Informasjon om Sognefjellet Sommarskisenter.

Informasjon om Skjolden.

4 måltider inngår i Sommarskiskulen kvar dag.

Frukost, lunsj, middag og kveldsmat. Dersom nokon av borna har spesielle behov ift. kosthald (matallergi etc.) må arrangør vere godt kjent med dette (minimum ei veke før sommarskiskulen startar).

Nødvendig utstyr som utøvarane må ta med:

Dei som har tek med rulleski; skøyting og klassisk. Elles må alle ta med ski og stavar til klassisk og skøyting, samt hjelm, skistavar med rulleskipigg, skisko (kombisko eller skøyte- og klassisksko), skihanskar, joggesko, innesko, to sett med treningstøy (ett sett for surt og vått vèr og ett sett for varmt vèr), badeklede, toalettsaker, to handklede, drikkebelte, sovepose, liggeunderlag, pute, to sett fritidsantrekk, liten tursekk og lommepengar.

Deltakaravgift kr. 4 500,- (inkluderar overnatting, 4 daglege måltider og alle aktivitetar, lommepengar er kun nødvendig til evt. kioskvarer).

Alle deltakarar vil få eiga sommarskiskule T-skjorte.

Frammøte søndag 19. juni, kl. 15.00 på Sognefjellet

Avreise torsdag 23. juni, kl. 13.00

Utdeling av t-skjorter skjer i samband med middagen torsdag, og deltakarane er klare for avreise kl. 13.00.

Påmelding

Påmelde deltakarar vert tilsendt detaljinformasjon om sommarskiskulen.

Kontaktinformasjon
Sogn og Fjordane Skikrins v/ Yngve Thorsen
Tlf. nr. 92 60 14 21
E-post; yngve.thorsen@skiforbundet.no

Velkommen til Sognefjellet og Skjolden

 

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde