Hopp til innhold

Frå Folgefonna.

Fjord1 Folgefonna

23.-25. september inviterar skikrinsen til Fjord1 Alpinsamling på Folgefonna. Informasjon om samlinga er oppdatert 22. september, kl. 08.30.

Informasjon om samlinga er oppdatert torsdag 22. september 2016, kl. 08.30 på følgjande punkt:

- deltakarliste (22.09.2016, kl. 08.30)
- overnattingsliste (22.09.2016, kl. 08.30)
- program (21.09.2016, kl. 14.55)

FJORD1 FOLGEFONNA - INFORMASJON

Grunna overvatn og is i trasèane vart Galdhøpiggen Sommarskisenter midlertidig stengt torsdag 15. september 2016. Dette medførte at den planlagde Fjord1 Alpinsamlinga på Juvass 16.-19. september vart avlyst.

Som erstatning for denne samlinga legg ein no opp til Fjord1 Alpinsamling på Folgefonna 23.-25. september.

(NB! Frist for påmelding og bestilling av innkvartering er tysdag 2o. september, kl. 21.00).

Endringane i samlingsplanen medfører også at den planlagde Fjord1 barmarkssamlinga på Sandane 23.-24. september vert utsett. Mest truleg vert denne samlinga sett opp igjen på nytt 30. september - 01. oktober, men dette er pr.d.d. ikkje avklara. Ein kjem tilbake med informasjon om denne samlinga ila. veke 38.

Evt. spørsmål kring endringane kan rettast til adm. sjef Yngve Thorsen (tlf. nr. 92 60 14 21)

Med venleg helsing
Sogn og Fjordane Skikrins

Alte Hamar (s)                                                        Yngve Thorsen
Leiar AK                                                                   Adm. sjef

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde