Hopp til innhold

Bjørkelibakkane.

Krinsdommarkurs

20.-21. august inviterar Sogn og Fjordane Skikrins til krinsdommarkurs i hopp i Bjørkelibakkane/ Nordfjord Fritidssenter.

Teknisk delegert og dommarar har ei svært viktig rolle på alle arrangement frå krinsnivå og oppover i Norge.

Sogn og Fjordane Skikrins inviterar difor til krinsdommarkurs i hopp 20.-21. august .

KRINSDOMMARKURS - HOPP

Tidspunkt
20.-21. august 2016

Stad
Nordfjord Fritidssenter/ Bjørkelibakkane

Frammøte
Nordfjord Fritidssenter, kl. 13.00 laurdag 20. august 2016.

Kurslærar
Lars Brekke, Norges Skidommarlaug/ Sogn og Fjordane Skikrins

Rammeprogram, laurdag 20. august
- kl. 13.00-15.00; teori

Rammeprogram, søndag 21. august
- kl. 10.00-15.30; praktiske observasjonar/ dømming

Påmelding
Påmelding gjer ein pr. e-post til krinskontoret.

Frist for påmelding er fredag 19. august, kl. 10.00.

Kursavgift
Ingen kursavgift.

Evt. spørsmål om kurset rettast til Lars Brekke (Norges Skidommarlaug/ Sogn og Fjordane Skikrins), tlf. nr. 916 42 969.

Om nokon har behov for overnatting - kontakt Nordfjord Fritidssenter på tlf. nr.; 905 06 157.

Med venleg helsing
Sogn og Fjordane Skikrins

Yngve Thorsen (s)
adm. sjef

Tlf. nr. 92 60 14 21

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde