Hopp til innhold

Kristin Roset.

Vårmøtet 2016

Torsdag 09. juni er det duka for Sogn og Fjordane Skikrins sitt Vårmøte i langrenn, samt hopp- og kombinert.

Kristin Roset (biletet) innleiar på Vårmøtet sin fellesdel om temaet Sunn Idrett.
Kristin er fødd og oppvaksen på Sandane, er tidlegare friidrettsutøvar, og kan m.a. vise til tre norgesmeisterskap på 800 meter. Den seinare tida er sandane-jenta blitt kjent for si openheit kring spiseforstyrrelsar, og har nyleg gitt ut boka "Spring for livet".

Vidare deltek Per Nymoen (biletet) og Erik Aas Andersen frå Norges Skiforbund på langrennskomiteen sitt Vårmøte. Nymoen vil m.a. legge fram Norges Skiforbund sin nye utviklingsmodell (SUM-modellen), medan Andersen sitt tema er knytt til utvikling av anlegg for skileik og langrennscross.


Per Nymoen, Norges Skiforbund

Deltakarliste (pr. 08.06.2016)

RAMMEPROGRAM - VÅRMØTE 2016

NB! Vårmøtet vert avvikla i etterkant av Anleggskonferansen.

Torsdag 09. juni 2016
- kl. 18.00-18.05: Opning av Vårmøtet v/ krinsleiar Inge Fænn
- kl. 18.05-19.00: Sunn Idrett v/ Kristin Roset (fellesdel)
- kl. 19.00-21.00: Vårmøte Alpint (dette møte er flytta til 15. juni).
- kl. 19.00-21.00: Vårmøte Hopp og kombinert
- kl. 19.00-21.00: Vårmøte Langrenn

SAKLISTER VÅRMØTET 

Sakliste, Vårmøte Langrenn - 09. juni 2016

Vedlegg Sak 02) Terminliste 2016-2017

Sakliste, Vårmøte Hopp og kombinert, 09. juni 2016

Ny info. mandag 30. mai 2016:
Ver merksam på at alpinkomiteen sitt Vårmøte er flytta til onsdag 15. juni.

Meir informasjon (påmelding etc.) om dette møtet finn ein her.

Med venleg helsing
Sogn og Fjordane Skikrins

Yngve Thorsen (s)
Adm. sjef

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde