Hopp til innhold

FIS-registrering Langrenn

No er det sommar og tid for inn- og utmelding av FIS-liste langrenn. Frist for inn-/ utmelding er 15. september 2016.

UTMELDING - FRIST 15. SEPTEMBER 2016
Under følgjer liste over aktive FIS-utøvarar frå Sogn og Fjordane sesongen 2015-2016.

Utøvarar som ikkje ynskjer å stå på FIS-lista sesongen 2016-2017 gjev tilbakemelding til krinskontoret innan 15. september 2016.

INNMELDING - FRIST 15. SEPTEMBER 2016
Nye utøvarar (f. 2000) som skal delta i FIS-renn (NM, Jr. NM, norgescup senior, norgescup junior etc.)  kommande sesong skal underteikne AD-skjema (Athletes Declaration).

Skjemaet sender ein til krinskontoret.

AD-skjema underteiknar ein kun ein gang i karrieren (skal ikkje fornyast). For utøvarar under 18 år må AD-skjema også signerast av føresette.

Når AD-skjema er innsendt, blir ein ført inn på FIS-lista og det vert oppretta ein FIS-kode på utøvaren.

Ein beheld FIS-koden til ein aktivt melder frå at ein ikkje ynskjer å stå på FIS-lista lenger. FIS-koden følgjer alle påmeldingar automatisk.

Sogn og Fjordane FIS-liste Langrenn 2015-2016

AD-skjema

Evt. spørsmål kring ordninga rettast til adm. sjef Yngve Thorsen, tlf. nr. 92 60 14 21.

Med venleg  helsing
Sogn og Fjordane Skikrins

Yngve Thorsen (s)
Adm. sjef

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde