Hopp til innhold

Gjøran Tefre, Førde IL (Foto: Stig Roger Eide).

Tefre viser form

Team Veidekke Vest og Førde IL sin Gjøran Tefre gjekk inn til ein sterk 21. plass under dagens 10 kilometer friteknikk i NM i langrenn på Beitostølen.

Med det var Tefre 55,5 sekund bak vinnaren Martin Johnsrud Sundby. Totalt stilte nærare 400 herreløparar til start på dagens 10 kilometer

I norgescupen for juniorar er det verdt å merke seg at Inga Kårstad Skaar og Vetle Uhre Hammersvik (begge Førde IL) enda som nummer 6 og 11 i 17-årsklassa. I same klasse enda breiminingen Andreas Hetle som nummer 15.

Og ikkje nok med det, i 18-årsklassa enda hyaren Jon Rolf Skamo Hope som nummer 13.

Norgesmeisterskapen i langrenn fortset laurdag med 50 km og 30 km friteknikk for høvesvis herrar og damer, før helga vert avslutta søndag med norgescupfinalar for juniorløparane.

Les også; Klart for NM del 2

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde