Hopp til innhold

Gjøran Tefre, Førde IL (Foto: Stig Roger Eide)

Imponerande av Tefre

Gjøran Tefre (Team Veidekke Vest/ Førde IL) gjekk i dag inn til ein 14.-plass på 50 kilometer friteknikk under NM på Beitostølen.

På den knallharde fem-mila gjekk Tefre over målstreken knappe 8 minutt og 38 sekund bak vinnaren Martin Johnsrud Sundby.

Tefre låg lenge blant dei fem beste, men ungguten fekk det svært tungt siste mila, og måtte dermed ta til takke med ein 14. plass.

Det er vidare verdt å merke seg at Tefre enda som nummer 2 i norgescupen samanlagt for U23. M.a.o. kan førde-guten sjå tilbake på ein svært sterk langrennssesong.

Sogn og Fjordane Skikrins gratulerar.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde