Hopp til innhold

Foto: Johan Olai Svidal (Stryn Rando 3000).

Stryn Rando 3000

I dag gjekk nyvinninga Stryn Rando 3000 av stabelen. Med sju fjelltoppar og 3000 høgdemeter er arrangementet eit av dei råaste randonèarrangementa i Noreg.

– Dette blir arrangert fleire gonger. Det kan eg love deg, seier ein oppglødd Johan Olai Svidal i Stryn Rando 3000 til NRK Sogn og Fjordane.

3000 høgdemeter, 26 kilometer og sju fjelltoppar, er definitivt ikkje for pyser. Til og med Lars Eirik Skjervheim, som har blitt norgesmeister i randonè tre år på rad, måtte gå i kjellaren fleire gonger i løpet av den tøffe løypa. Skjervheim gjekk til slutt i mål på tida 2:56:59.

– Eg måtte bite tenna skikkeleg hardt saman mot slutten, fortel Skjervheim til NRK.no.

Resultatliste

Les heile saka på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde