Hopp til innhold

Andreas Hetle (Breimsbygda IL). Foto: Stig Roger Eide.

Sterke prestasjonar

Sigrid Flo Bødal (Stårheim IL) og breimingen Andreas Hetle (bilete) gjorde sine saker svært godt under Junior NM i langrenn på Hamar i dag.

Beste plasseringa var det stårheim-jenta Sigrid Flo Bødal som stod for då ho skøyta seg inn til ein svært sterk 5. plass i klasse K17 år. Og ikkje nok med det. I same klasse enda førde-jenta Inga Kårstad Skaar som nummer 9.

På gutesida var det Andreas Hetle som stod for den sterkaste plasseringa då han til slutt enda som nummer 6 i klasse M17 år. Hetle gjekk inn til tida 26:24,0, og var med det knappe halvminuttet bak vinnaren Filip Fjeld Andersen frå Geilo IL. I klasse M18 år gjekk Jon Rolf Skamo Hope frå Hyen IL inn til ein delt 11.-plass.

Resultatservice

Meisterskapen vert avslutta søndag med kretsstafettar.

Les også; Junior NM i gang

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde