Hopp til innhold

Inga Kårstad Skaar, Førde IL (Foto: Stig Roger Eide)

Junior NM i gang

Junior NM i langrenn starta på Hamar i dag. Førde-jenta Inga Kårstad Skaar (Førde IL) var blant løparane frå fylket som markerte seg under dagens klassiske distanse.

Kårstad Skaar gjekk inn til ein svært sterk 13. plass i klasse K17 år. Med det var 17-åringen i overkant av minuttet bak vinnaren, Kristine Stavås Skistad frå Drammen.

Den sterkaste plasseringa blant løparane frå fylket var det breimingen Andreas Hetle som stod for. Hetle enda til som nummer 6 i klasse M17 år. 

I same klasse vart Brage Burø Sunde frå Førde nummer 19.

Det var ikkje berre fjordingar som leverte resultat blant dei 20 beste i dag. I dei knallharde løypene på Gåsbu gjekk systrendingen Edvard Grut Andersen eit knalløp, og enda til slutt som nummer 19 i eldste juniorklasse.

Meisterskapen fortset laurdag med distansar i friteknikk, før helga vert avslutta med kretsstafett søndag.

Resultatlister

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde