Hopp til innhold

Foto: Atle Hamar

Hovudlandsrennet Alpint

10 utøvarar frå Sogn og Fjordane kan sjå tilbake på ei super veke på Bjorli og Hovudlandsrennet i alpint. 130 gutar og 70 jenter frå heile landet har delteke.

Dei første frå vår delegasjon kom laurdag kveld, og trena med Møre og Trøndelag søndag og måndag, storslalåm og slalåm. Tysdag og onsdag var det offisiell utfortrening, i ei særdeles artig og utfordrande løype.

Utfor
Even Hole var med oss frå søndagskvelden, og særleg på utfortreningane, fekk vi svært profesjonell oppfølgning av vår krinstrenar.

Torsdag vart sjølve utforrennet avvikla, og Jonas Henden Drageset (Olden IL) vart vår beste gut som nummer 35, medan Reiel Felde (BBIL) køyrde ned til 36. plass. Rekkefølgja vidare vart Friedrich Schafer (Jølster IL) 38, Thomas Nornes (Sogndal IL) 41, Jørgen Taklo (Jølster IL) 64, Daniel Hagen (IL Veten) 73, Bendik Hamar (Jølster IL) 79, Ivar Engeland (Haugen IL) 85. Kristine Lidal Røysum (Sogndal IL) vart nr. 56 av jentene. Haugen-jenta Hege Solheim sto over utforkonkurransen grunna eit uhell i samband med treninga.

Super-G
Super G konkurransen vart litt "stang ut" for Sogn og Fjordane. På guttesida delte Reiel Felde og Thomas Nornes 48.plassen, medan rekkefølgja vidare var: Friedrich Schafer 52, Jonas Henden Drageset 54, Jørgen Taklo 60, Daniel Hagen 91, Ivar Engeland 104 og Bendik Hamar 108. Kristine Lidal Røysum vart nr. 50, og Hege Solheim (Haugen IL) nr. 71.

Storslalåm
I storslalåm laurdag køyrde Reiel Felde inn til ein 34.plass, medan Daniel Hagen vart 53, Jørgen Taklo 56, Thomas Nornes 62, Friedrich Schafer 68, Bendik Hamar 78, og Ivar Engeland 88.

Flott avslutning
I slalåmkonkurransen søndag enda utøvarane frå Sogn og Fjordane med fire premieplassar. Her vart Reiel Felde nr. 29, Thomas Nornes 38, Friedrich Schafer 41 og Daniel Hagen 42.

Det er slik i denne idretten at det det er små marginar, og det å satse maksimalt gir fort ein situasjon der det er vinn eller forsvinn. Difor er nokre av resultata prega av stans, utkøyring eller rett og slett eit lite uhell. I tillegg gjev også høge startnummer det vanskeleg å hevde seg i toppen.

Til slutt kan ein summere opp med at det har vore ei fantastisk flott og lærerik veke på Bjorli. Utøvarane frå fylket har fått med seg nye og viktige erfaringar i ein tøff og krevjande idrett. Vi håpar at opplevelsane gjev inspirasjon til vidare satsing, og ynskjer dei lukke til med avslutninga av sesongen.

Atle Hamar
AK, Hovudleiar HL 2016

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde