Hopp til innhold

Holmøyskarrennet

Årets versjon av Holmøyskarrennet gjekk av stabelen i dag, søndag 20. mars. Resultatservice og oppdatering frå arrangementet.

Resultatservice

Oppdatering frå arrangementet;
Trass i dårlege vermeldingar, skodde i høgfjellet, litt regn og snø og kald vind i høgda, så syner den store deltakinga på Holmøyskarrennet at dette er ein påsketradisjon med djupe røter. Heile 344 fullførte reserveløypa på 18 km. Av desse var det 35 som gjekk på tid. Raskast av alle var den unge Isak Hopland frå Hardbagg, ca 1 minutt føre Johan Eirik Meland som går for Markane il. Begge desse går i klassen 17 – 20 år. I det heile var det kjekt å sjå at mange unge prega resultatlista med gode tider. Beste dame vart Gunn Skrede frå Markane.

Rennet har og tevling om vandrepokalar for beste lag. I år vart det sekundstrid om tremannspokalen som Markane tok til odel og eige. Hardbagg tok og sin tredje siger for femmannslag og fekk pokalen til odel og eige. IL Veten var det einaste laget som hadde mange nok deltakarar til å ta timannspokalen. 

Arne Sølvberg
Rennleiar

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde