Hopp til innhold

Gode prestasjonar

Stryningen Eskil Kveen gjorde sine saker svært godt under Hovudlandsrennet i Fauske i helga.

Eskil Kveen gjekk inn til femteplass i kombicross under HL i Fauske. I tillegg kom han på premieplass då han vart nr. ni i K67-bakken i hopp.

Kombicrosskonkurransen er basert på resultatet i hoppbakken og langrenn i ei crossløype. Eskil låg på femteplass etter hopp på 62 og 57,5 meter i hoppdelen.  I kombicrossen gjekk Eskil inn til femte beste langrennstid og sikra med det femteplassen i konkurransen.

Vinnar av kombicrossen vart Ludvig Braaten frå Øvre Hoslevoll. På delt andreplass kom Jens Lurås Oftebro frå IL Jardar og Jørgen Oliver Strøm frå IL Alta. Eskil vart til slutt 36 sek etter klassevinnaren.

Innsatsen i hoppbakken heldt til ein niandeplass i K67-bakken i klasse G16. Eskil oppnådde 186,2poeng. Vinnaren av hoppkonkurransen vart Jørgen Oliver Strøm med 227,3 poeng. Det var 28 deltakarar i hoppkonkurransen, og Eskil sin niandeplass heldt dermed til premieplass.

Det er vidare verdt å merke seg at den allsidige stryningen også vart nummer 5 i kombinertkonkurransen.

Relaterte saker; Simon imponerte

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde