Hopp til innhold

Jølster IL sin Andreas Strand var ein av mange alpinistar frå Sogn og Fjordane som deltok på FIS-renna i Jølster i helga.

FIS Jølster

For sjuande året på rad avvikla Jølster Alpin FIS-renn i slalåm. Mangeårig rennleiar Atle Hamar, kunne også dette året konstatere at arrangementa vart ein suksess.

Arrangøren har gjennom helga fått mange gode tilbakemeldingar frå løparar, trenarar, teknisk delegert og renndommarar. Renna vart gjennomført etter tidplan, og særleg søndag 6.mars gjekk det unna.

Sogn og Fjordane Skikrins takkar Jølster Alpin, Even Hole og mannskapet i Jølster Skisenter som la godt til rette. Ein stor takk også til foreldre frå andre klubbar i fylket som var tilstades og tok eit tak.

Jølster Alpin er klar til nye renn i 2017 - vi ynskjer lukke til!!

Resultatservice

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde