Hopp til innhold

Simon Hjelmeset Kirkeeide (Foto: Fjordingen).

Simon imponerte

Markane IL sin Simon Hjelmeset Kirkeeide imponerte stort då han gjekk til 6. plass under Hovudlandsrennet i langrenn i Fauske fredag.

Med det var 16-åringen kun 15 sekundar frå pallplass på den klassiske 7,5 kilometeren. I alt stilte 243 løparar på startstreken.

Det er vidare verdt å merke seg at Eskil Kveen, også han frå Markane IL, gjekk inn til 5. plass i kombinert i klasse G16.

Offisielle resultatlister.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde