Hopp til innhold

Eskil Kveen, Markane IL. Foto: Roy Aron Myklebust.

Klar for Youth Cup

Stryningen Eskil Kveen er klar for Youth Cup i kombinert i Trondheim 08.-10. februar 2016.

16-åringen er teken ut til å representere Norges Skiforbund m.a. på bakgrunn av fleire sterke prestasjonar den seinare tida.

I samband med Kombileikane på Tolga førre helg gjorde Kveen seg bemerka med svært stabil og god hopping, og etter ein tøff langrennsdel enda stryningen til slutt på ein sterk 8. plass.

Og ikkje nok med det. Kveen gjorde også sine saker svært godt under NC Konica Minolta i Midtstubakkane tidlegare i januar. Der han gjekk seg inn til ein flott 9. plass i klasse B.

Sogn og Fjordane Skikrins ynskjer Eskil lukke til i Youth Cup i Granåsen.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde