Hopp til innhold

Jon Rolf Skamo Hope (Hyen IL)

Jon Rolf til Jr. VM

Norges Skiforbund har teke ut hyaren Jon Rolf Skamo Hope til Junior VM i langrenn i Rasnov, Romania, 22.-28. februar 2016.

Primært tek Norges Skiforbund ut løparar i klasse 19/20 år til denne meisterskapen, men under norgescupen på Hovden i helga gjekk 18-åringen bedre enn beste 19/20 åring under den klassiske distansen laurdag.

I uttaket viser også Norges Skiforbund til Skamo Hope si generelle formutvikling.

NSF sitt laguttak

Sogn og Fjordane Skikrins gratulerar Jon Rolf Skamo Hope med uttaket, og ynskjer han lukke til i Romania.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde