Hopp til innhold

Andre Haugsbø (Gaular IL)

Haugsbø og Dvergsdal

Andre Haugsbø (Gaular IL) og Eli Anne Dvergsdal (Jølster IL) var høvesvis raskaste herre og dame, under Tverrfjelldilten som gjekk av stabelen i Markane laurdag.

Andre Haugsbø (M36-40) frå Gaular IL vart nok ein gong raskast i Tverrfjelldilten. Han fullførte det 40km lange løpet på 1t 44 min 24,7sek. Haugsbø tok dermed sin fjerde strake siger i løpet.

Roger Lillestøl frå Hornindal kom på andreplass i løpet totalt og vann klasse M41-45 med tida 1t 51 min 54,9sek. Tredjeplassen totalt gjekk til Martin Hegrenes frå Førde IL som også vart klassevinnar i M21-25, med 1t 54min 32,5sek.

Kvinneklassa vart vunnen av Eli Anne Dvergsdal frå Jølster IL på tida 2t 11 min 6,4sek. Nest raskast dame vart Karoline Holsen Kyte frå Oslostudentenes IK-Ski. 2t 21min 16,3sek. Både Dvergsdal og Kyte konkurrerte i klasse K21-25.

Resultatservice

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde