Hopp til innhold

Foto: Stig Roger Eide, Firda.

Glopparane imponerar

Glopparane Jon Rolf S. Hope og Andreas Hetle imponerar stort under norgescupen i langrenn for juniorarar på Hovden i helga.

Allereie under fredagens junior NM i sprint gjekk Skamo Hope inn til ei svært sterk sølvmedalje i klasse M18 år, medan Hetle gjekk inn til 11. plass i klasse M17 år.

På jentesida er det førde-løparen Inga Kårstad Skaar som leverar dei sterkaste resultata for tida. Fredag gjekk 17-åringen inn til ein 9. plass i junior NM i sprint.

Under dagens klassiske distansar på Hovden har både Skamo Hope og Hetle fortsatt å imponere. Skamo Hope gjekk nemleg heilt til topps på dagens 10 km klassisk. Skamo Hope var heilt suveren og vann med over minuttet til Sondre Ramse frå Otra IL. Og ikkje nok med det. Andreas Hetle staka seg inn til ein imponerande 3. plass i yngste junior klasse.

Norgescupen på Hovden vert avslutta søndag med distansar i frikteknikk.

Offisielle resultatlister

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde