Hopp til innhold

Jo Mork (Foto NTB Scanpix)

Velkommen til Haustmøtet

Når skikrinsen inviterar til Haustmøtet måndag 7. november, kan ein sjå fram til eit rikhaldig program. Frå skiforbundet kjem m.a. Jo Mork (biletet) og Sindre Bergan.

Deltakarliste, pr. 06.11.2016, kl. 21.00

Skireformen
- I frå Norges Skiforbund innleiar Jo Mork (biletet) på møtet sin fellesdel. Mork skal m.a. innleie om fråfallsproblematikken i skisporten, og skiforbundet sin nye utviklingsmodell.

Les meir om skireformen og utviklingsmodellen her.

I gang med utviklingsmodellen

- Etter fem år som sportssjef og ei lang karriere innanfor telemarksporten, begynte Mork 1. mai i år som konsulent i Norges Skiforbund si utviklingsavdeling. Mork som opphaveleg kjem frå Vågå, kan m.a.o. vise til svært lang og brei erfaring frå skisporten.

Klubb i vekst
- I samband med langrennskomiteen sitt fagmøte kjem Barbro Tomter Dahlen for setje fokus på klubbarbeidet i aldersgruppa 11-16 år i Rustad IL. Dahlen har vore engasjert i oslo-klubben i over 30 år.


Bilete: Barbro Tomter Dahlen (Rustad IL)

- Ho har arbeida for å utvikle eit moderne langrennsanlegg som no vert nytta av heile befolkninga i bydelen, rekruttering til skisporten i alle årsklassar, og ho har hatt eit ustoppeleg fokus på breiddeidretten. Rustad IL har under Barbro si leiing vokst frå å vere ein liten klubb i bydelen til å bli ein stor klubb med fleire hundre medlemmar.

Orientering frå Norges Skiforbund
I samband med møte deltek også Sindre Bergan frå langrennskomiteen i Norges Skiforbund. Bergan har lang fartstid frå langrennssporten, og han er m.a. tidlegare trenar for damelandslaget i langrenn. Dei siste åra har Bergan vore tilsett ved NTG Bærum som sportsdirektør.


Bilete: Sindre Bergan, medlem av langrennskomiteen i NSF/ Sportsdirektør v/ NTG Bærum

På Haustmøtet sin fellesdel vil Bergan orientere kort om "Sundby-saken", "Astma-saken" og "Johaug-saken". I tillegg deltek Bergan på fagmøtet til langrennskomiteen der han vil foredra om NSF Langrenn si utviklingstrapp, dobbelttak og framtida til klassisk langrenn, regelendringar/ stavlengder etc.

Haustmøte Telemark/ Randonè
I tillegg til dei "ordinære" fagmøta inviterar skikrinsen denne gangen også til Haustmøte for telemark- og randonèsporten. Tema for møtet er knytt til korleis ein saman kan utvikle telemark- og randonèsporten i Sogn og Fjordane. Sakliste for møtet finn ein under.

Frist for påmelding
Skikrinsen minner om at frist for påmelding til Haustmøtet er torsdag 03. november 2016.

Påmelding Haustmøtet (Alpint, Hopp/ kombinert og Langrenn)

Påmelding Haustmøtet Telemark/ Randonè

Stad
Skei, Thon Jølster Hotel

Tidspunkt
Måndag 07. november 2016, kl. 18.00-21.30

Rammeprogram
Kl. 18.00-18.05:
Velkommen v/ krinsleiar Inge Fænn

Kl. 18.05-18.20:
Orientering frå Norges Skiforbund v/ Sindre Bergan
- "Sundby-saken", "Astma-saken",  "Johaug-saken"

Kl. 18.20-19.15
Skiforbundet sin nye utviklingsmodell v/ Jo Mork

Kl. 19.15-21.30
Greinvise fagmøter (sjå saklister under for meir info.)

For kven
- alle skiinteresserte
- leiarar i skigruppene
- trenarar i skigruppene
- arrangørar
- foreldre
- komitèmedlemmer

Laga avgjer sjølve kor mange representantar ein vil sende.
Fagmøta fungerar som rådgjevande forum for komiteane.

------------------------------------------------------------------------------

LANGRENNSKOMITEEN SITT HAUSTMØTE

Sakliste Haustmøte Langrenn

Vedlegg Sak 04; Terminlista 2016-2017

-----------------------------------------------------------------------------

ALPINKOMITEEN SITT HAUSTMØTE

Sakliste Haustmøte Alpint

Vedlegg Sak 04; Terminlista 2016-2017

-----------------------------------------------------------------------------

HOPP- OG KOMBINERTKOMITEEN SITT HAUSTMØTE

Sakliste Haustmøte Hopp- og kombinert

-----------------------------------------------------------------------------

TELEMARK/ RANDONÈ SITT HAUSTMØTE

Sakliste Haustmøte Telemark/ Randonè

-----------------------------------------------------------------------------

Med venleg helsing
Sogn og Fjordane Skikrins

Yngve Thorsen (s)
adm. sjef

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde