Hopp til innhold

Frå Bjørkelibakkane 09. oktober 2016. Foto: Kari Gjelsvik

Strålande helg

I helga var hopparane samla til SFE SommarHopp i Bjørkelibakkane på Vangen.

Hopparane var samla i Bjørkelbakkane (Veten) til samling på plast i helga. Laurdag gjennomførte dei to økter med hopping, og ei berrmarksøkt i etterkant.

Eskil Kveen, Lorentz Fannemel og Gaute Brekke var trenarar og instruktørar.
Laurdag vart det også halde krinsdommarkurs i hopp (teoridel).

Søndag var hovudtrenar Stig Seljeset på plass, og leia treninga. Gaute og Lorentz var gode hjelparar.

Til slutt vart det arrangert avsluttande SFE-sommarhopprenn, med startnummer og premieutdeling.
Dei nye krinsdommaraspirantane, fekk vera med å testa seg som dommarar i hopprennet.

Me hadde ei flott råme rundt arrangementet, med strålande sol begge dagane.

Sogn og Fjordane Skikrins - hopp- og kombinertkomiteen
v/ Lars Brekke              

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde