Hopp til innhold

Sterke resultat

Langrennsløparane frå fylket kan sjå tilbake på ei helg med ei rekkje svært sterke prestasjonar i samband med norgescupen for juniorarar i Steinkjer.

Laurdag enda m.a. breimingen Andreas Hetle på ein imponerande 2. plass under den klassiske sprinten i klasse M17. I same klasse enda systrendingen Erlend Henjesand som nr. 19.

Søndagen var det 18-åringen Jon Rolf Skamo Hope (Hyen IL) som stod for den sterkaste prestasjonen då han skøyta inn til ein sterk 2. plass i klasse M18. Og ikkje nok med det. I yngste juniorklasse enda førde-jenta Inga Kårstad Skaar som nr. 3. Kårstad Skaar var kun 4 sekund frå sigeren i den jamne 17-årsklassa.

Det er også verdt å merke seg at Edvard Grut Andersen (Syril IL) enda som nummer 20 i eldste juniorklasse, medan Andreas Hetle (Breimsbygda IL) og Vetle Uhre Hammersvik (Førde IL) enda som høvesvis nummer 14 og 20 i klasse M17.

Les også: "Dei unge viser veg"

Les også: Stor tropp til Steinkjer

Resultatservice Statoil NorgesCup Steinkjer, 08.-10. januar 2016

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde