Hopp til innhold

Status SSF Cup Hafslo

Ekstremvèret "Tor" har gjort sitt inntog i fjordafylket. Dette medfører at SSF Cup Duathlon laurdag 30. januar ved Sogn Skisenter er avlyst.

IL Bjørn vil det kommande døgeret vurdere om arrangementet skal utsetjast til søndag 31. januar, men det vil m.a. vere avhengig av "Tor" sine herjingar, og om ein har mannskap til å avvikle arrangementet denne dagen.

Oppdatert informasjon om eventuelt arrangement søndag 31. januar vert publisert på www.skikrinsen.no laurdag 30. januar.

Ein skal elles vere merksam på at arrangementet er opna for påmelding/ avmelding t.o.m. fredag 29. januar. Dermed har aktuelle utøvarar moglegheit til å melde seg av og på til det aktuelle arrangementet søndag. (NB! Utøvarar som allereie er påmeldt, og som ynskjer å delta på det aktuelle arrangementet søndag, treng ikkje utføre ny påmelding).

Om arrangementet går av stabelen søndag 31. januar, er det mogleg at stilarten vert endra frå duathlon til klassisk, men dette må ein også kome tilbake til.

Med venleg helsing
IL Bjørn/ Sogn og Fjordane Skikrins

Tore Sønnesyn                           Yngve Thorsen (s)
Renneleiar                                  Adm. sjef/ TD

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde