Hopp til innhold

Slik såg det ut på Langeland torsdag kveld. Foto: Anne Lilleåsen, Gaular IL.

Status KM

Det meste tyder på at krinsmeisterskapen i langrenn vert avvikla etter planen 15.-17. januar på Langeland.

Den siste veka har skisenteret hatt døgnkontinuerleg drift av snøproduksjonsanlegget på Langeland, og ein ser det no som svært sannynsleg at produksjonen av kunstsnø skal redde meisterskapen neste helg.

Fredag startar ein med utkøyring av snø, og planen er at kunstsnøen skal dekke heile to-kilometeren, og at dei tre konkurransedagane i KM neste helg, vert avvikla i denne løypa.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde