Hopp til innhold

SFEhopp Cup Hafslo IL

Søndag 31. januar inviterar Hafslo IL til SFEhopp Cup v/ Sogn Skisenter.

Det er ikkje nok snø i hoppanlegga i fylket, men Sogn Skisenter på Hafslo har laga til fine bakkar med kunstsnø i bakkestorleikar opptil 15 meter.  Dei ivrigaste rekruttane på Hafslo og i Gaupne er komen i gang med trening i desse bakkane.  

Søndag 31. januar arrangerer Hafslo idrettslag SFEhopp-cup med start trening frå kl 12.30. SFEhopp-cup er eit rekrutteringsrenn for alle med lengdemåling i 3 omgangar frå kl 13.00 utan stildømming.  Hopparane vel fritt bakkar frå  K 5 meter og oppover med det skiutstyret ein har, men for største hoppet må ein ha hoppski.  Idrettslaget har noko hoppskiutstyr til utlån.

Påmelding blir registrert i bakken frå kl 12.30. 

For meir info. - kontakt;
- Jon Ove Lomheim (mobil 91721076)
- Per Birger Lomheim (mobil 97198502)

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde