Hopp til innhold

Foto: Thomas Brakstad.

Samling med Even

Vanskelege snøforhold i Nordfjord gjer at den planlagde sonetreninga med Even Hole 13. januar vert flytta frå Harpefossen til Jølster Skisenter. NY DATO er torsdag 14. januar 2016.

Treningstilbodet vert SL-trening i "Kvams-henget". Ver merksam på at det avgrensa plass til trening i anlegget, men ein tek høgde for at det skal setjast to løyper i samband med treninga.

Målgruppe:
Den primære målgruppa for treninga er utøvarar i Nordfjord og Sunnfjord. Det er planlagt sonetrening med Even i Sogn onsdag 20. januar, difor vel ein å prioritere utøvarane i Nordfjord og Sunnfjord denne gangen.

Treninga er open for utøvarar i klassane 10 år og eldre.

Tidspunkt:
Torsdag 14. januar, kl. 17.50 - 20.00 (-isch)

Heiskort:
Heiskort kjøper ein i varmestova i nedre del av anlegget frå kl. 17.30.

Vi ynskjer alle alpinistar vel møtt.

Med venleg helsing
Sogn og Fjordane Skikrins

Yngve Thorsen (s)
Adm. sjef

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde