Hopp til innhold

Ny plan for alpinistane

Mildvèret og nedbøren siste dagane har sett sitt preg på fleire av alpinanlegga i fylket. Dette medfører m.a. at den planlagde Fjord1 samlinga på Harpefossen (29.-31. jan.) vert avlyst.

Med bakgrunn i avlysninga av Fjord1 samlinga, og dei vanskelege snøtilhøva fleire stader i fylket har ein lagt følgjande plan for alpinistane i veke 4 og 5:

SAMLING MED ARAN PÅ KVITFJELL, 29.-31. JANUAR 2016
Som erstatning for den avlyste samlinga på Harpefossen inviterar ARAN til opa samling på Kvitfjell 29.-31. januar.

Program
Program og detaljinformasjon om samlinga er ikkje klart p.t., men denne informasjonen vert publisert på www.skikrinsen.no  seinast torsdag 28. januar.

Innkvartering
Utøvarar og føresette som ynskjer å nytte seg av dette tilbodet må ordne innkvartering sjølve.

Påmelding
Påmelding til samlinga gjer ein pr. e-post til krinskontoret innan torsdag 28. januar, kl. 13.00.
Ein gjer elles merksam på at alle utøvarar frå Sogn og Fjordane skal melde seg på samla via skikrinsen til denne samlinga.

Vidare vil det vere mogleg å f. eks. kun delta laurdag og søndag.

FARTSSAMLING KM I SUPER-G/ SUPER-KOMBI, 05.-07. FEBRUAR 2016
Den terminfesta fartssamlinga samt KM i Super-G og Super-kombi som opphaveleg skulle avviklast i Stryn Skisenter, vert flytta til Jølster Skisenter med Jølster Alpin som ny arrangør. Bakgrunn for flyttinga av fartshelga er knytt til rådande snøtilhøve i Stryn.

Ein kjem tilbake med detaljinformasjon om fartshelga i Jølster tidleg i veke 5.

Ein tek eit visst atterhald om gjennomføring av fartshelga m.o.t. både vèr- og snøtilhøve.

Forøvrig vil Jølster Alpin vere avhengig av dugnadspersonell frå øvrige alpingrupper i Sogn og Fjordane ved gjennomføring av helga. Dette kjem ein nærare tilbake til.

Med venleg helsing
Sogn og Fjordane Skikrins

Atle Hamar (s)                                            Yngve Thorsen (s)
Leiar AK                                                       Adm. sjef

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde