Hopp til innhold

Frå Bjorli Skisenter

Fartshelga på Bjorli

Den terminfesta fartshelga i alpint på Bjorli 22.-24. januar er utsett til 29.-31. januar. Dette medfører endringar i Terminliste Alpint for Sogn og Fjordane Skikrins.

Meldinga frå arrangøren er at det er svært lite snø i kantane på trasèen, noko som medfører at det ikkje er tilfredstillande forhold til å sikre trasèen godt nok. Difor har alpinkomiteen i Møre og Romsdal Skikrets vedteke å utsette samlinga, samt dei to arrangementa i Super-G til 29.-31. januar.

Møre og Romsdal Skikrets beklager utsettinga, og ber om forståelse for at sikkerheita til våre unge alpinistar må komme først.

For Sogn og Fjordane medfører dette følgjande:

1) Fjord1 samlinga med ARAN vert gjennomført som planlagt 29.-31. januar 2016 på Harpefossen.

2) Sparebanken Vest AlpinCup (SL) i Førde 13. februar vert flytta til søndag 24. januar (Sunnfjord Skisenter)

3) Sparebanken Vest AlpinCup (2 x SSL) på Harpefossen som opphaveleg skulle avviklast laurdag 16. januar vert sett opp på nytt 13. februar 2016.

Når det gjeld endring nummer 2 og 3, så tek ein atterhald om at bakkeforholda i hovudtraseen i Sunnfjord Skisenter vert tilfredstillande til søndag 24. januar.
Vidare har ein ikkje fått endeleg stadfesting om Førde IL har høve til å vere arrangør denne helga. 

Ein kjem tilbake med oppdatert informasjon og stadfesting av endringane tidleg i kommande veke, og seinast tysdag 19. januar 2016.

Terminliste Alpint (oppdatert 14.01.2016)

Med venleg helsing
Sogn og Fjordane Skikrins

Yngve Thorsen (s)
Adm. sjef.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde