Hopp til innhold

Andreas Hetle, Breimsbygda IL

Dei unge viser veg

17-åringane Inga Kårstad Skaar og Andreas Hetle (bilete) gjorde sine saker svært godt under norgescupen i langrenn for juniorarar i Steinkjer i dag.

Førde-jenta Inga Kårstad Skaar enda til slutt som nummer 4, vel 18 sekund bak vinnaren i klasse K17, Ragnhild Rønning frå Vikersund.

Og ikkje nok med det. Andreas Hetle frå Breimsbygda IL gjekk også eit svært sterkt løp, då han staka seg inn til 6. plass i klasse M17. Hetle var godt og vel 20 sekund bak vinnaren, Aron Åkre Rysstad (Valle IL) på den klassiske 10 kilometeren.

I Scandinavisk Cup i Østersund enda førde-løparen Torstein Bu som nummer 42, blant ca. 170 startande.

Norgescupen i Steinkjer for juniorar fortset laurdag med klassisk sprint, før helga vert avslutta med distansar i friteknikk søndag.

Les også: Stor tropp til Steinkjer

Alle lokale resultat frå norgescupen i Steinkjer finn ein på arrangøren sine nettsider.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde