Hopp til innhold

Skiidrett for Alle

Sogn og Fjordane Skikrins har ei målsetjing om å gjere skiaktivitet tilgjengeleg for alle målgrupper, mellom anna for menneske med nedsett funksjonsevne.

I 2013 utforma skikrinsen ei informasjonsbrosjyre om universell utforming av skinalegg, med håp om at dette kunne stimulera til ei bedring av anlegga for alle potensielle brukargrupper, m.a. dei med nedsett rørsleevne.

Ein viktig føresetnad og suksessfaktor for at menneske med nedsett funksjonsevne skal kunne utøve skiaktivitet, er at det er tilgjengeleg parkering nært løype/ skiheis og publikumsbygg.

Dette er ei sterkt behov m.a. fordi desse brukarane kan ha tungt spesialutstyr som m.a. må berast mellom bil og løype, dei kan ha nedsett forflyttingsevne (bruk av rullestol m.m.) og nedsett balanse. Desse brukarane kan vere både barn, vaksne og eldre. Tilrettelagt skiaktivitet kan vere særs viktig m.o.t. både psykisk og fysisk helse, trening/ rehabilitering, sosial deltaking og generell trivsel, slik som for alle andre.

Skikrinsen har difor sett i verk eit arbeid der målet er at alle eigarar av skianlegg i fylket skal opprette skilta P-plass for rørslehemma.

Skriv til anleggseigarar

Brosjyre; Skiidrett for Alle

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde