Hopp til innhold

F.v. Yngve Thorsen (adm. sjef skikrinsen), Arne Haukås og Inge Fænn (leiar skikrinsen). (Foto: Eli Grotle, Sogn Avis)

Fortent heider

Arne Haukås var ein av dei første langrennsløparane frå fylket som markerte seg på nasjonalt toppnivå i langrenn. Tysdag vart Haukås tildelt skikrinsen sitt øvste heidersteikn.

Det var på 50-talet at det dukka opp ein svært talentfull langrennsløpar frå Sogn, og Arne Haukås var den første løparen frå fylket som hevda seg i norgeseliten.

Fleire har omtala Haukås som eit naturtalent av dei sjeldne, og Haukås kan m.a. vise til ein niandeplass i Holmenkollen og ein fjerdeplass frå NM. Vidare var han nær å kvalifisere seg til OL, og takka nei til å vere med det norske landslaget til VM i Lahti i 1958.

Det var leiar i Sogn og Fjordane Skikrins, Inge Fænn, som tysdag overrekte utmerkinga til Haukås, og Fænn var svært klar på at det no var på høg tid å hente fram den gamle helten og gje han sin velfortente heider.

Sogn og Fjordane Skikrins gratulerar Arne Haukås med familie med utmerkinga.


I samband med utdelinga vart det god tid til å studere både gamle avisutklipp og Haukås sine treningsdagbøker frå 50-talet (Foto: Eli Grotle, Sogn Avis).

Les heile saka på Sogn Avis sine nettsider.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde