Hopp til innhold

Fjord1 Jølster

Til helga er det duka for nok ei Fjord1 barmarksamling i alpint. Denne gangen på Jølster v/ Mo og Jølster vidaregåande skule.

September går fort, og Fjord1 samlinga på Jølster dukkar fort opp. Håpar alle har hatt fine samlingar på Sandane, og at ein er godt i gang med barmarkstreningane i heimemiljøet.

Samlinga på Jølster handlar mest om uthald og styrke, samt ein del "moro-aktivitetar". Vi legg opp til intense økter, litt hardare enn tidlegare.

Søndag vert det vannski på Jølstravatnet, sjølv om tempraturen i vatnet ikkje er særleg sommarleg. Viktig at alle som har tek med våtdrakt til denne økta og litt ekstra med varme klede:-)

Info. om samlinga (program m.m.)

Mvh Even.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde