Hopp til innhold

Gnistrande skiføre

Det er framleis flotte langrennsforhold ved Sognefjellet Sommarskisenter.

Dagleg leiar ved Sognefjellet Sommarskisenter, Ove Fortun seier til Sogn Avis at tilhøva er fantastiske.

- Vi held på for fullt her oppe. Femkilometerstraseen er framleis slik han var i slutten av mai då me opna opp for sommarsesongen. Eg vågar faktisk påstå at snøforholda er endå betre no. Snøen er knallhard og heilt perfekt for dei som ynskjer å leggja grunnlaget framfor vintersesongen, eller berre opp i høgfjellet for å kosa seg på ski, seier Fortun.

- Om det ikkje kjem eit eller anna form for ekstremvêr, så reknar Fortun med at dei kan halda på ei god stund til.

Les heile saka her

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde