Hopp til innhold

Asgeir Årdal. Foto: Privat

Krinslaga i langrenn

Skikrinsen sine krinslag i langrenn tel heile 31 utøvarar sesongen 2015-2016, og krinslagstrenar Asgeir Årdal er godt nøgd med satsinga kommande sesong.

- Med løparane på impulslaget er det svært mange vi skal ta hand om, men eg er trygg på at alle skal få eit godt sportsleg tilbod, seier Årdal.

- Slik laget er no så har vi 23 utøvarar på krinslaga, og 8 utøvarar på impulslaget (for utøvarar f. 2000). I tillegg er løparar som Gjøran Tefre, Torstein Bu og Trygve Henden Gaasø alle klare for regionsatsinga Team Veidekke Vest.

- Elles vert det høgt nivå på krinslaget, og det er klart at løparar som Hallvard S. Evjestad, Roger Øye Pollen og Bertine T. Lefdal held eit svært høgt sportsleg nivå. Så alt ligg no godt til rette for at årets satsing vert svært solid.

-Krinslaga i langrenn har ein lang tradisjon i fylket, og eg er svært glad for at vi klarar å vidareføre satsinga seier leiar i langrennskomiteen, Arthur Hegrenes. Vi har klart å sikre ei god grunnfinansiering av krinslaga gjennom samarbeidsavtalen med vår hovudsponsor Sparebanken Sogn og Fjordane. Men også ByggTeam AS, SFE og G-Sport/ Erdal Sport er viktige samarbeidspartar. 

- Vi har med oss fire solide trenarar som har ansvar for laget. Og vi er trygge på at Asgeir Årdal, Ingrid Narum, Sindre Hoff og Simen Bækken kjem til å gje våre utøvarar eit godt sportsleg tilbod, avsluttar Hegrenes.

Les meir om utøvarane på krinslaga, og sjå samlingsplanen her.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde