Hopp til innhold

Espen Bjervig, Norges Skiforbund

Kjem til Skei

Tidlegare langrennsløpar og noverande markedssjef i NSF, Espen Bjervig, er saman med Einar Witteveen klar for Vårmøte og Skikrinsting til helga.

05.-06- juni avviklar Sogn og Fjordane Skikrins Vårmøte og Skikrinsting ved Thon Jølster Hotel.

I samband med møtet vert både Espen Bjervig og Einar Witteveen tilstades.

Dei fleste hugsar nok Bjervig best for sine prestasjonar i langrennssporet. Og Bjervig kan m.a. sjå tilbake på individuell verdscupsiger, samt at han deltok på det norske stafettlaget som tok sølv under VM i 1999. I dag er Bjervig markedssjef i Norges Skiforbund. Bjervig vert tilstades både fredag og laurdag.

I tillegg til Bjervig kjem utdanningssjefen i NSF Alpin, Einar Witteveen, til alpinkomiteen sitt Vårmøte fredag kveld. Witteveen som har svært lang fartstid i skiforbundet, skal m.a. halde eit fagleg innlegg knytt til langsiktig utvikling av yngre alpinistar.

Meir informasjon om både Skikrinstinget og Vårmøtet finn ein her.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde